NPK: Juridiske ekspertar seier regjeringa bryt lova når dei droppar høyringsrunden og sender saka om nye fylkesnamn direkte til Stortinget.
Når dei 19 fylka skal bli elleve regionar, er fleire av dei nye namna omstridde. Namn som Viken, Vestland og Innlandet har skapt debatt og engasjement. No vil regjeringa sende forslaget direkte til Stortinget utan nokon høyringsrunde først, men det er i strid med lova, seier jussekspertar til .
– Den måten regjeringa har valt å gå fram på, er ikkje juridisk haldbar. Ved ikkje å gjere det, så bryt regjeringa utgreiingsinstruksen, og det er det same som å bryte lova, seier jurist Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Universitetet i Oslo.
Han blir støtta av professor emeritus i juss Jan Fridtjof Bernt, som er ekspert på forvaltningsrett.
– Eg synest dette er oppsiktsvekkjande, for det er ikkje grunnlag for å la vere å sende denne saka på høyring, seier han.
Kommunalminister Monica Mæland (H) forsvarar likevel valet om å droppe høyringsrunden. Ho viser til at det har vore ein langvarig høyringsprosess med fylkestinga og at også Språkrådet er blitt høyrt.
Ho meiner innbyggjarar som har ei oppfatning om saka, kan ta den direkte opp med sine stortingsrepresentantar.

Publisert: 11.04.2018 09:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39