NPK-NTB: Dei som reiser med Norwegian, må no betale for handbagasje dersom denne skal leggjast i bagasjehylla.
Handbagasje som får plass under setet, er framleis gratis.
– Dei som ønskjer å ha med seg ein liten trillekoffert som blir lagd i bagasjehylla, kan betale litt ekstra for dette eller velje ein annan billettype, seier leiar for produktutvikling Cecilie Nybø Carlsen i Norwegian.
Prisen på handbagasje som skal liggje i bagasjehylla, varierer avhengig av flyging. For innanlandsflygingar og innan Skandinavia må ein betale 50 kroner, medan ein betaler 90 kroner for interkontinentale reiser.
Endringane inneber òg at handbagasjen som alle kundar kan ha med seg, kan vere noko større enn tidlegare. Kundar med fleksibel billett kan dessutan ha med seg 15 kilo i staden for 10 kilo handbagasje. I tillegg blir vektavgrensinga på innsjekka bagasje auka frå 20 til 23 kilo.
Reglane trer i kraft 23. januar. Billettar kjøpt før dette, blir ikkje påverka av regelendringa.

Publisert: 23.01.2020 14:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30