Kort fortalt

Nye krav til turistbedrifter

Må informere turistfiskarar om regelverket.

21.03.2018
NPK-NTB: Fiskeridirektoratet pålegg turistfiskebedrifter å informere gjestene sine om kva reglar som gjeld.
Ved nyttår tredde det nye regelverket for turistfisket i kraft, og i desse dagar er brosjyrar med regelverket på veg ut til alle registrerte turistfiskebedrifter i landet. Brosjyrane kjem på engelsk, tysk, russisk og polsk og inneheld det nye regelverket for turistfisket.
Her blir det blant anna opplyst om at det er ulovleg å selje fisken vidare, og at gjester ved registrerte turistfiskeverksemder no maksimalt kan ta med seg 20 kilo fisk ut av landet, mens maksgrensa for alle andre er 10 kilo.
I brosjyrane blir det også opplyst om dei ulike minimumsstørrelsane for fisk.

Publisert: 21.03.2018 13:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39