Kort fortalt

Nytt ferjekøyr i Stortinget

– Inga enkel løysing, svarar statsråden. 

04.03.2020
(NPK-NTB): Distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) kunne onsdag ikkje svare på når ho eventuelt vil gjere det mogleg for norske ferjefylke å setje ned prisane.
Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Eirik Sivertsen viste til at Helleland nyleg var på ferjeturné i Møre og Romsdal, men at det førebels ikkje har kome konkrete grep frå regjeringa for å få ned ferjetakstane.
– Vil statsråden sørgje for at det blir mogleg for fylkeskommunane å setje ferjetakstane ned, og når blir det mogleg for fylka å gjere det? spurde han.
Helleland viste til eit møte ho og fleire statsrådar hadde med ferjefylka denne veka for å diskutere dei omfattande protestane i fleire fylke mot auka ferjeprisar.
– I møtet med fylka kom ikkje vi med nokon løfte om ei løysing. For det er inga enkel løysing på dette, sa Helleland i Stortinget.
– Vi har ein god dialog, og vi har starta arbeidet saman for å hjelpe pendlarane, slo ho fast.
– Eg har ikkje noko svar i dag, fordi vi er i gang med eit felles arbeid, konstaterte statsråden.
(©NPK)

Publisert: 04.03.2020 13:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30