NPK-NTB: Hovudindeksen på Oslo Børs fall med over 5 prosent like etter opninga måndag. Oljeprisen går same veg, ned over 7 prosent.
Etter rundt ein halvtimes handel var nedgangen på 6,32 prosent og hovudindeksen var på 632 poeng.
Fredag enda Oslo Børs med ein oppgang på 3,8 prosent til 675,08 poeng etter ei skrekkveke i virusets teikn.
Også oljeprisen er på veg kraftig nedover måndag morgon og var ei stund på under 32 dollar fatet.
Blant dei mest omsette fekk Equinor ein nedgang på 4,65 prosent og DNB eit fall på 5,1 prosent, medan Frontline fekk ein liten oppgang i aksjeprisen, opp 1,65 prosent.
Norwegian fall 3,9 prosent, medan SAS fall 7 prosent.

Publisert: 16.03.2020 09:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29