Kort fortalt

Nytt nei frå Fiskebåt

Fiskebåt Sør-årsmøtet vil ha Fiskebåt ut av Norges Fiskarlag,.

03.12.2024

I førre veke gjekk Fiskebåt Nord inn for at Fiskebåt skal melde seg ut av Norges Fiskarlag. I dag gjorde Fiskebåt Sør same vedtak. Fredag skal saka opp på årsmøtet i Fiskebåt Vest.

Dei tre er regionlag i Fiskebåt, organisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten.

Det er årsmøtet i Fiskebåt som skal ta den endelege avgjerda. Det årsmøtet er i februar neste år.

Fiskebåt er ein av tre organisasjonar under Norges Fiskarlag. Dei to andre er Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag.

Fiskebåt har stilt krav om at dei tre organisasjonane i Norges Fiskarlag skal ha lik representasjon i styrande organ i Norges Fiskarlag. Det har Nord Fiskarlag, som i dag har fleire representantar enn dei to andre, ikkje gått med på. 

Også Sør-Norges Fiskarlag støttar kravet om lik representasjon, og også sagt at det ikkje er aktuelt å halde fram i Norges Fiskarlag saman med Nord Fiskarlag, dersom Fiskbåt melder seg ut. 

Publisert: 03.12.2024 17:34

Sist oppdatert: 06.12.2024 15:58