NPK-NTB: Mellom januar og mai er det registrert ein auke på 71 prosent i talet på kinesiske turistar som kjem til Noreg, samanlikna med same periode i fjor.
I dei første fem månadane i år vart det registrert 81.590 overnattingar av kinesiske turistar her i landet, ifølgje Dagens Næringsliv.
– Det er ein formidabel auke. Og desidert størst auke av dei nordiske landa, seier Per Holte, marknadssjef for Asia i Innovasjon Noreg.
I 2013 var det registrert 17.759 overnattingar av kinesarar i same periode. Året etter gjekk talet ned med over 1.500. I 2015 dobla talet seg til 36.390, og i fjor kom det 47.761 kinesiske turistar.
Berre i mai i år var det registrert 43.000 overnattingar, mot 27.000 i same månad i 2016.
– På utanriksstasjonane våre som skriv ut visum til kinesarar ser vi at trenden skal fortsette i sommar. Personleg trur eg ikkje auken blir like høg som i mai, men prognosen er 20 til 30 prosent vekst i sommarsesongen samanlikna med i fjor, seier Holte.
Ei av forklaringane er nok verdien av den norske krona som har svekt seg mot kinesiske yuan dei siste åra.

Publisert: 01.08.2017 09:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41