Kort fortalt

Nytt sluttpakketilbod i Rolls-Royce

Tilbod til 1800 i marinedivisjonen.

30.01.2017
Alle dei rundt 1.800 tilsette i Rolls Royces marinedivisjon i Noreg har fått tilbod sluttpakke som ledd i konsernplanane om kostnadskutt.
Dei tilsette fekk sluttpakketilbodet måndag, skriv .
– Eg vil gjerne understreke at dette er ei frivillig ordning. Vi har ikkje sett noko mål på talet på søknader som kan komme inn, opplyser kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk til avisa.

Ho legg til at tilbodet om å ta sluttpakke er eitt av tiltaka konsernet gjennomfører for å kutte kostnadar. Dei tilsette har etter det avisa kjenner til to vekers frist på å søke. Utanom oppseiingstida tilbyr selskapet tre til sju månaders lønn. Etter planen skal sluttpakkene tre i kraft 1. mars.
Rolls-Royce opplyste i desember at dei planla å nedbemanne med 800 tilsette i marinedivisjonen globalt. 1. desember i fjor hadde selskapet rundt 1.800 tilsette i Noreg, 1.630 av dei jobbar ved fem avdelingar i Møre og Romsdal.

Publisert: 30.01.2017 13:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42