Dimo nybygg Foto Camilla Nanseth DIMO 11
NYBYGG: I front av bildet skal mellom anna serviceavdelinga til Dimo flytte inn til hausten. Foto: Camilla Nanseth/Dimo
Kort fortalt

Nytt stort Dimo-bygg tek form

Utvidar for lager, kontor og servicefunksjonar.

28.02.2023

Dimo på Hareid er godt i gong med å føre opp nybygget på 2000 kvadratmeter der det kjem lager, kontor og servicefunksjonar, ifølgje Vikebladet.

Bygget skal vere klart i september og legge til rette for at bedrifta kan vekse vidare. I det nye bygget skal mellom serviceavdelinga, som no held til i Ulsteinvik, flytte inn.

Dimo har vekse kraftig i fleire år, men 2022 vart eit «konsolideringsår», ifølgje dagleg leiar Stian Garnes.

- Fjoråret vart alt i alt eit heilt greitt år til slutt. Men, det skulle eigentleg bli ein del betre. Vi låg veldig godt an i starten av året. Krigen i Ukraina, problem med leveransar, prisvekst, råvaremangel og utsetting av store prosjekt gav oss derimot ein del utfordringar, seier han til avisa.

Publisert: 28.02.2023 22:26

Sist oppdatert: 28.02.2023 22:29

Mer om