NPK: Garn på avvege som står og fangar fisk er eit stort problem, men no kan forskarar ha funne løysinga. Nedbrytbare garn som løyser seg opp i sjøen, kan få slutt på spøkelsesfisket.
Prosjektleiar og seniorforskar i Sintef, Eduardo Grimaldo står i spissen for forskingsprosjektet.
– Hovudmålet er å utvikle biologisk nedbrytbare garn til bruk i det norske garnfiskeriet med minst like gode fiskeeigenskapar som konvensjonelle nylongarn. Vi håpar på eit ferdig produkt mot slutten av året, seier Grimaldo til NRK.
Prosjektet er eit samarbeid med sørkoreanske Samsung Fine Chemicals (SFC). I Sør-Korea blir garna brukt av 500 fartøy, og vurdert som like gode garn som dei tradisjonelle nylongarna.
Dei nedbrytbare fiskegarna er laga av eit biologisk materiale som blir ete av bakteriar og algar i sjøen.
– Dess fleire bakteriar og algar du har, og jo varmare temperatur det er, dess fortare går prosessen, fortel Grimaldo.
Dei nyaste prøvene viser at det berre tar eit år før biogarnet blir brotne ned, når garnet ligg stille og konstant er i sjøen. Når ein fiskar med garna, blir det ei mekanisk påkjenning, der bruk og slitasje akselererer prosessen.

Publisert: 26.03.2018 12:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39