NPK-NTB: I fjor melde Avinor 40 enkeltepisodar, der dronar kom for nær norske flyplassar, til politiet.
Ifølgje Avinor kjem mange av dei ulovlege flygingane av manglande kunnskap om regelverket.
No ber Avinor politiet om å prioritere slike hendingar, som fleire gonger i fjor førte til stengde flyplassar. I eitt tilfelle var dronen berre hundre meter unna eit fly som skulle lande.
– Det er gjerne dei som har fått ein drone til jul, og som ikkje veit at dei må ta omsyn til ei forbodssone på 5 kilometer. Dei tenkjer at dronen berre er eit leiketøy og trur det er greitt så lenge ein berre flyr opp og ned, seier Axel Knutsen, programleiar for dronar i Avinor Flysikring AS, til .
I november 2019 vart flyplassen i Bodø stengt to gonger på under to veker, etter at nokon flaug drone like ved rullebanen.
Knutsen seier dronar har eit stort skadepotensial om dei treffer eit vindauge, ein motor eller ei venge på eit fly.
– Derfor må vi anten stoppe flytrafikken eller omdirigere han for å halde oppe sikkerheita, seier han.

Publisert: 10.01.2020 17:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31