Kort fortalt

Næringsministeren møter 100 bedrifter

– Har dårleg tid.

NPK
27.10.2021

(NPK): – Vi skal i gang med eit grønt industriløft, og vi har dårleg tid, seier næringsminister Jan Christian Vestre. Han skal derfor ut og møte 100 bedrifter før nyttår.

Podium

E13/S2 Hvordan vil ny regjering påvirke næringslivet i regionen?

Denne veka går startskotet for reisene til næringsministeren, når han besøkjer Stord, Haugesund og Stavanger. På programmet står verksemder innan fornybar sektor og ny teknologi, i tillegg til verksemder innan olje, oljeservice og maritim næring.

– Eg har store ambisjonar på vegner av norsk næringsliv. Regjeringa vil bidra til å skape fleire jobbar i heile landet, styrkje fastlandsinvesteringane, auke fastlandseksporten med 50 prosent og kutte klimagassutslepp med begge hender, seier Vestre.

Før årsskiftet skal han reise rundt i heile landet for å møte breidda av næringslivet.

– Eg ser fram til å møte bedriftene, og å høyre korleis dei meiner næringslivet og staten kan jobbe saman for å oppnå måla vi har sett oss.

Næringsministeren påpeiker at fastlandseksporten er heilt avgjerande for å lykkast med grøn omstilling og verdiskaping.

– For å auke fastlandseksporten med 50 prosent innan 2030 vil vi styrkje eksisterande eksportutviklingsordningar og finne nye tiltak som raskt kan setjast i gang. Det hastar både med grøn omstilling og med å auke eksporten, seier Vestre.

(©NPK)

Publisert: 27.10.2021 17:45

Sist oppdatert: 27.10.2021 17:47