Odd jostein drotninghaug ordførar sykkylven foto ogne 11
NØGD: Ordførar Odd Jostein Drotninghaug i Sykkylven er glad for forslaget som kan betyr lågare utgifter for bedriftene i kommunen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sykkylven-bedrifter sparer 75 millionar på fire år

– Utruleg gledeleg og noko vi har jobba med i fleire år, seier ordføraren som kan få lågare arbeidsgjevaravgift.

Marius Rosbach
13.10.2021

I statsbudsjettet som blei lagt fram tysdag kom det ei gladnyheit for bedriftene i Sykkylven kommune.

Kommunen på Sunnmøre er ein av fem kommunar i landet, som får redusert arbeidsgjevaravgifta – om forslaget blir vedteke i Stortinget.

Ifølgje utrekningar frå Norsk Industri utgjer endringa 75 millionar kroner spart over fire år for bedriftene i Sykkylven.

– Med atterhald om at dette fell på plass, synes eg det er utruleg gledeleg og noko vi har jobba med i fleire år. Det gjer at bedriftene får lågare kostnader, fortel ordførar Odd Jostein Drotninghaug i Sykkylven til NETT NO.

Går frå 14,1 til 10,6 prosent
Endringane i arbeidsgjevaravgifta er et sett ut frå kor grisgrendt ei kommune er. Om stortingsfleirtalet går inn for regjeringa sitt forslag, blir Sykkylven neste år flytta frå sone 1 til 2.

Det betyr betydeleg lågare avgifter for bedrifter i Sykkylven.

I staden for 14,1 prosent i arbeidsgjevaravgift, må næringslivet i kommunen neste år betale berre 10,6 prosent, ifølgje forslaget til statsbudsjett for neste år.

Også endring for Herøy
Det er også føreslått å endre sone for Herøy, frå sone 1a til 1. Det betyr i tilfelle at bedrifter som betalar meir enn ein halv million i skatt, ikkje lengre får trekke frå dette.

Dei fleste bedrifter i Herøy betalar allereie 14,1 prosent i arbeidsgjevaravgift.

NETT NO fekk onsdag stadfesta frå finansdepartementet at forslaget gjeld for Herøy i Møre og Romsdal, og ikkje kommunen med same namn i Nordland.

– Konkurranseutsett og sårbart
Mange verksemder i Sykkylven er retta inn mot møbelbransjen. Då koronapandemien slo til, fekk kommunen i løpet av få veker den høgaste arbeidsløysa i landet. Eitt år seinare er situasjonen snudd på hovudet – og bedriftene slit med å få tak på arbeidskraft.

– Vi har eit næringsliv som er veldig konkurranseutsett og sårbart. Difor er det viktig at vi får desse vilkåra for å gjere bedriftene enno meir robuste, påpeiker ordføraren.

Det er sett i gong eit omstillingsprosjekt for å gi næringslivet i kommunen fleire bein å stå på. Det inkluderer mellom anna eit gründersenter med plass til bedrifter eller personar som vil ha kontorplass i eit fellesskap.

Les heile statsbudsjettet (ekstern lenke)

Publisert: 13.10.2021 11:02

Sist oppdatert: 13.10.2021 13:22

Mer om