Kort fortalt

Obligasjonlångivarane sa ja

Tommelen opp for Hexagon Composites, før fristen.

19.11.2020
Berre eitt døgn etter at Hexagon Composites ba obligasjonslångivarane godkjenne planen om å skille ut og børsnotere datterselskapet Hexagon Purus har selskapet fått ja. Fristen for å svare var 2. desember, men alt i dag var det naudsynte to tredjedels fleirtalet på plass.
Obligasjonslångivarane har gitt Hexagon Composites eit lån på 1,5 milliardar kroner, og sat med retten til å godkjenne eller avvise planen om å skille ut og børsnotere Hexagon Purus.

Planen er at Hexagon Purus skal vere børsnotert i løpet av året.
Hexagon Purus lagar drivstofftankar og -system for bruk av hydrogen som drivstoff, medan hovudverksemda til Hexagon Composites er å lage tilsvarande tanker og system for bruk av naturgass som drivstoff.

Publisert: 19.11.2020 09:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24