NPK-NTB: Talet på tvansavviklingar aukar kraftig. Ei av årsakene kan vere lågare krav til eigenkapital, hevdar kredittbyrået Bisnode.
I dei seks første månadane i år har 874 selskap blitt tvangsavvikla. Det er 105 fleire selskap – ein auke på 13,7 prosent – enn på same tidspunkt i fjor, ifølgje Finansavisen.
For fem år sidan vart 582 selskap tvangsavvikla i første halvår. I år er 50 prosent fleire selskap tvangsoppløyst.
– Ein årsak til auken i talet på tvangsavviklingar er nok at kravet til aksjekapital vart redusert frå 100.000 kroner til 30.000 kroner i 2012, seier Per Einar Ruud, fagsjef i kredittanalyseselskapet Bisnode.
Dei fleste tvangsavviklingane kjem av manglande innlevering av årsrekneskap. Nokre blir også avvikla ved tvang fordi dei ikkje oppfyller krava om revisor, talet på styremedlemmer eller dagleg leiar.
Måndag går fristen ut for å levere inn årsrekneskap for 2016.

Publisert: 28.07.2017 08:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41