Kort fortalt

Olje påverkar hysegen

Havforskarar skal studera korleis olje påverkar viktige fiskeartar

01.02.2017
NPK: Hyselarvar som blir utsette for oljeforureining kan ta skade av det, viser ny forsking. No skal havforskarar sjå på konsekvensane for sju andre fiskeartar.
– Kunnskapen om det spesielle skalet til hyseegga illustrerer kor viktig det er at vi undersøkjer fleire fiskeartar – det held ikkje å bruka éin art i risikovurderinga. Fisk har ulik fysiologi og reagerer forskjellig på olje, seier Sonnich Meier, som er prosjektleiar for prosjektet Eggtox på Havforskingsinstituttet.
Prosjektet går ut på å finna ut korleis torsk, hyse, sei, polartorsk, sild, kveite og lodde reagerer på oljeforeining. Forskarane skal også sjå på ulike tolegrenser og finna det nivået der olja er så giftig at fisken blir alvorleg svekt eller døyr av det, fortel på eigne nettsider.
Forskinga som så langt er gjort på hyselarvar, viser at oljeeksponering kan "skru på og av" gen og forstyrra utviklinga av hjarta til hyselarvar.

Publisert: 01.02.2017 16:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42