Kort fortalt

Oljevekst gav skattevekst

Ni prosent auke i skatteinnbetalingane.

16.03.2018
NPK-NTB: I januar og februar vart det betalt inn drygt 137 milliardar skattekroner, ein auke på 9 prosent frå same periode i fjor. Mykje av auken kom frå oljenæringa.
46 milliardar kroner av innbetalingane kom frå upersonlege skattytarar, inkludert oljeselskapa. Det viser skatterekneskapen frå (SSB).
Sidan 2016 har skattane på utvinning av petroleum gradvis tatt seg opp, og ved utgangen av februar utgjorde dei over ein tidel av dei samla innbetalingane. Nesten 60 prosent av auken kjem frå denne typen skatt.

Publisert: 16.03.2018 10:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39