NPK-NTB-Birgitte Iversen: Ap løftar det gamle kravet sitt om pensjon frå første krone inn i pensjonsforhandlingane på Stortinget. Raudt krev framleis skjerminga av uføre pensjonistar.
Dei to krava er lagt på toppen av eit frå Framstegspartiet og SV om ei rekkje endringar i pensjonsordninga ein har i dag.
Forslaget frå dei raudgrøne om pensjon frå første krone i privat sektor har vorte nedstemd av stortingsfleirtalet ei rekkje gonger dei siste åra. Pensjonspolitiske talsperson i Ap, Lise Christoffersen, meiner det likevel er riktig å ta opp spørsmålet igjen når pensjonssystemet først er på bordet.
– Det er viktig å få det inn i denne runden, fordi det er grunnleggjande urettferdig at tilsette i privat sektor ikkje har pensjon frå første krone, seier Christoffersen til NTB.
I motsetning til dei fleste i offentleg sektor, får fleirtalet av tilsette i privat sektor ikkje tent pensjonspoeng før dei har tent minst grunnbeløpet i folketrygda (1G), som er i overkant av 100.000 kroner.
Raudt har samtidig fremja forslag om å framleis gi eit skjermingstillegg til uføre pensjonistar, som har vore ein kompensasjon fordi dei ikkje klarer å stå lenger i jobb slik levealdersjusteringa, som vart innført i 2011, krev. Regjeringa har fjerna dette tillegget frå i år.
– Raudt aksepterer ikkje at alvorleg sjukdom, skadde eller andre arbeidsuføre skal straffast økonomisk livet ut. Det er djupt usosialt og straffar den firedelen av befolkninga som blir uføre før dei blir alderspensjonistar, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.
– Det er viktig å inkludere dei uføre når det no ligg fleire forslag på bordet om å justere urettferdig konsekvensar av pensjonsreforma, seier han.
Dei raudgrøne partia støttar begge forslaga. No appellerer Moxnes til KrF, som fleire gonger før partiet gjekk inn i regjering, tok til orde for å behalde skjermingstillegget.
KrFs arbeidspolitiske talsperson Torill Selsvold Nyborg svarer at partiet vil vente på pensjonsutvalet før dei blir med på eventuelle endringar. Utvalet kjem med tilrådingane sine til neste år.
– Dette er så komplisert at ein må sjå heilskapen, seier ho.
Ho seier KrF òg er bekymra for at forslaget til Raudt kan føre til at uføre vil få meir i pensjon enn dei som står i arbeid.
Nyborg peikar på at levealdersjusteringane føreset at arbeidsføre står lenger i arbeid, men at det førebels ikkje ser ut som delen pensjonistar som arbeider utover 67 år, aukar i særleg grad.
– Dette heng saman med den såkalla skattefella i offentleg sektor, der tilsette taper tenestepensjon på å stå lenger i jobb. Men om dette endrar seg, og uføre sakkar veldig akterut, då må vi ta grep, seier Nyborg.
– Vi følgjer arbeidslinja, og då kan det ikkje vere sånn utføre får meir enn dei som er i fullt arbeid, legg ho til.
Frp vender òg tommelen ned for forslaget til Raudt:
– Forslaget om at uføre skal få betre alderspensjon enn yrkesaktive, meiner eg er for dårleg. Eg er for at pensjonsreglane skal vere like for alle, ikkje slik forskjellsbehandling, seier Frps fraksjonsleiar Erlend Wiborg.
Når det gjeld forslaget om pensjon frå første krone, seier Wiborg at partiet er opne for å diskutere alt som kan bidra til å betre kåra til pensjonistane.
– Samtidig er det ingen løyndom at vi er skeptiske til å påføre bedriftene auka utgifter i den situasjonen dei står i no, seier han.
Arbeids- og sosialkomiteen skal komme med innstillinga si i saka 9. februar.

Publisert: 27.01.2021 06:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23