Kort fortalt

Omstridd seismikk-skyting

Blålange og kval kan stoppe skytinga.

21.01.2020
NPK: I ein oppdatert rapport om menneskeskapt støy i havet kjem havforskarar no med råd om å unngå seismikk og anna bråk i område der blålanga gyter og kvalen beitar.
Havforskingsinstituttet har lenge gitt råd til Oljedirektoratet om korleis økosystema i havet blir påverka av seismikkskyting ved oljeleiting. I 2019 samla havforskarane den tilgjengelege kunnskapen om miljøeffektar av seismikk og annan menneskeskapt støy i ein rapport som forklarer grunnlaget for rådgivinga. Denne rapporten er oppdatert med ny kunnskap og råd for 2020, skriv instituttet på nettsidene sine.
Blålanga gyter på forsommaren i eit område utanfor Mørekysten. Havforskarane tilrår ikkje seismikk der i perioden 16. mai–15. juni.
Blålange kom på «Norsk raudliste for artar» i 2006 grunna overfiske, og i 2009 vart det innført forbod mot blålangefiske og makstak for bifangst.
– Sidan det ikkje er noko teikn til gjenoppbygging av blålangebestanden med dagens tiltak, bør det setjast inn ytterlegare tiltak. Difor er no det mest sikre gyteområdet og gyteperioden teke med i rapporten, seier forskarane.
Bjørnøya i Barentshavet er eit viktig beiteområde for bardekvalar, spesielt knølkval. Ny kunnskap frå kvalteljetoktet i 2019 har vist at området også er viktig for bestanden av finnkval, som har flytta seg lenger sør.
– Området der vi rår frå å bruke seismikk, er derfor blitt trekt litt sørover og overlappar no med nokre område der det er opna for oljeleiting rundt Bjørnøya, seier forskar Tonje Nesse Forland, som har stått for oppdateringa av rapporten.
Rapporten har også tatt med ei ny gytevandringsrute for lodde i Barentshavet.

Publisert: 21.01.2020 16:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30