Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal foreslår at første del av Nordøyvegen opnar allereie til jul neste år. Det gjeld bru over til Lepsøya og tunnel til Haramsøya.
Etter planen skal ikkje fastlandssambandet vere klart før i 2022, men no er Møre og Romsdal fylkeskommune og Skanska samde om ein avtale som gjer at vegen mellom Skjeltene og Austnes kan bli opna i desember neste år.
Lepsøya, Haramsøya og Flemsøy/Skuløy blir landfaste om vel eitt år, ifølgje ei frå fylkeskommunen. Det betyr også at ferja på strekninga, kan slutte å segle tidlegare enn tenkt.

Publisert: 03.11.2020 21:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24