Kort fortalt

Opnar ikkje sjølvmeldinga

Ein av åtte har ikkje opna sjølvmeldinga

28.04.2016
(NPK-NTB): Over 460.000 elektroniske brukarar har enno ikkje opna sjølvmeldinga. Fristen for levering går ut laurdag.
Det omtrent like mange i år som i fjor som ikkje har opna den førehandsutfylte sjølvmeldinga, trass fleire oppfordringar frå skatteetaten om å sjekke opplysningane.
– Sjølv om dei aller fleste har opna sjølvmeldinga si, er talet likevel høgare enn det vi ønskjer oss, seier Mariken Holter, kommunikasjonsdirektør i skatteetaten. I år har skatteetaten fått 50 millionar opplysningar frå blant andre arbeidsgjevarar, bankar, barnehagar og skulefritidsordningar, slik at sjølvmeldinga i størst mogleg grad er førehandsutfylt.

Publisert: 28.04.2016 10:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46