Kort fortalt

Opne dører for norsk laks i Kina

Trur på enorm vekst.

26.01.2017
NPK: Noregs sjømatråd trur det er mogleg å tjuedoble lakseeksporten til Kina etter normaliseringa av den diplomatiske kontakten mellom Noreg og Kina før jul.
Optimistisk er òg den kinesiske toppdiplomaten Liu Yu, som denne veka saman med to andre kinesiske diplomatar deltok på nordområdekonferansen Arctic Frontiers i Tromsø.
– Statsministeren vår har sagt at vi tar opp igjen forhandlingane med Noreg om ein frihandelsavtale. Det kan vere til nytte for begge landa, seier Yu til Dagens Næringsliv.
– Dette gir enorme moglegheiter for business. Statsministeren vår seier at norske selskap og investorar er velkomne i Kina, seier diplomaten, som er Norden-ansvarleg i Europa-avdelinga i det kinesiske utanriksdepartementet.
Den norske lakseeksporten til Kina stupte etter at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo fekk fredsprisen i 2010. Før den tid eksporterte Noreg laks for 400 millionar kroner til landet. Forhandlingane om ein norsk-kinesisk frihandelsavtale stoppa òg opp, og laks frå Chile og andre land har tatt over og blir marknadsført som norsk laks.
Yu tilrår no norske fiskeeksportørar å marknadsføre norsk laks som«den originale norske laksen» i Kina.
– Luksussjømat frå Noreg er svært velkomment. Noreg er merkevara for laks i Kina, seier Yu.
I Tromsø hadde dei kinesiske diplomatane òg møte med Noregs sjømatråd og med utanriksminister Børge Brende (H). Brende er svært fornøgd med samtalane.
– Møta har vore veldig bra. Vi har mykje å ta igjen etter seks år, og vi har mykje å samarbeide om når det gjeld skipsfart, hav og fiskeri, energi, olje og gass. At dei har sendt ein såpass stor og samansett delegasjon, vise rat dei er kjappe i vendinga, seier Brende til Dagens Næringsliv.
Statsminister Erna Solberg (H) reiser truleg til Kina med ein større norsk næringslivsdelegasjon før sommaren, skriv avisa.

Publisert: 26.01.2017 14:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42