Kort fortalt

Oppdrett nær korallområde

Mellombels løyve i Husevågøy.

14.01.2020
NPK: Etter å ha klaga på at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i fjor trekte tilbake eit løyve til lakseoppdrett ved Husevågøy, har Miljødirektoratet no vedteke å gje mellombels løyve til oppdrett i området.
Løyvet vart trekt tilbake i 2019 på grunn av funn av blomkålkorall i området nær anlegget.
Vedtaket til Miljødirektoratet inneber at oppdrettarane ved Husevågøy i Sogn og Fjordane får mellombels løyve til å drive oppdrett etter forureiningslova. Løyvet går ut når laksen frå noverande produksjon er slakta.
Selskapa Troland Lakseoppdrett, Langøylaks og Austevoll Melaks fekk opphavleg løyve etter forureiningslova av Fylkesmannen i 2018. Da det vart funne eit større område med blomkålkorallar nær anlegget, trekte Fylkesmannen tilbake løyvet i september 2019.
Etter at oppdrettarane klaga på omgjeringa, vart saka sendt til Miljødirektoratet for eit endeleg vedtak.
No har Miljødirektoratet konkludert, og skriv at dei vurderer at ei mellombels løyve, kombinert med miljøovervaking, tar omsyn til både verksemdene og førekomsten av blomkålkorall.
Blomkålkorall er vurdert som nær trua i Norsk Raudliste for naturtypar på grunn av reduksjon i det totale arealet. Havforskingsinstituttet antar at området med blomkålkorall som er funne ved Husevågøy kan vere unikt i regional og nasjonal samanheng.
Grunnen er omfattande geografisk utstrekning og høgare individtettleik enn det som er vanleg å finne andre stader langs kysten.

Publisert: 14.01.2020 19:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31