NPK: Oppdrettslaks er ein større trussel for villaksen enn pukkellaksen, meiner forskarar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).
– I motsetting til oppdrettslaks kan ikkje pukkellaksen formeire seg med Atlanterhavslaks og på den måten øydeleggje og svekkje DNA-et til laksestammen slik oppdrettslaks kan gjere. På den måten er oppdrettslaks farlegare ein pukkellaks. Men vi ønskjer å studere pukkelaksen vidare for å finne ut om det følgjer med andre trugslar mot villaksen ved at det blir fleire og fleire av denne laksearten i norske elver, seier seniorforskar Peder Fiske, ved NINA, til
Artsdatabanken vurderer pukkellaksen som ein høgrisikoart og ein trussel mot det biologiske mangfaldet i Noreg. Det har vore ein eksplosjon av pukkellaks i norske elver i sommar. Dette kan vere farleg for andre fiskeartar.
– Stillehavslaksen kan spreie sjukdommar og ta over gyteplassar for både Atlanterhavslaks og aure, noko som kan vere skadeleg for ein allereie sårbar fiskebestand, fortel Fiske til Altaposten.

Publisert: 02.08.2017 21:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41