Regjeringa foreslår å utvide kompensasjonsordninga til næringslivet i to månader. Ikkje nok, meiner opposisjonen.
Framstegspartiets nestleiar Sylvi Listhaug stadfestar overfor at Frp, Ap og Sp går saman for sørgje for at ordninga blir utvida ytterlegare.
– Vi skal no behandle saka, men for å sikre føreseielege tilhøve både for bedriftene og dei tilsette, så er ei forlenging til 1. juli eit minimum. I tillegg er det nødvendig å forbetre ordninga gjennom å auke kompensasjonsgrada.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner det er sjølvsagt at ordninga må utvidast.
– Dei har stengt ned heile Noreg; to månader er berre eit blaff. Denne krisa vil vere reell òg om to månader. Derfor viser regjeringa no at ho igjen er bakpå med å ha ein god bodskap for korleis økonomiske og sosiale ordningar skal samordnast med smitteverntiltaka, seier Ap-leiar Støre til avisa.

Publisert: 06.01.2021 15:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23