Per vidar kjolmoen og gunnar jan oma foto norske skipsverft
VIL HA ENDRING: Organisasjonen Norske Skipsverft vil ha andre vilkår for støtte til utvikling av nye hurtigbåtar enn fylkeskommunane har lagt opp til. I førre veke møtte Arbeidarpartiet sin maritime talsperson, Per Vidar Kjølmoen (t.v.) mellom andre Gunnar Jan Oma, sjef for hurtigbåtverftet Oma Båtbyggeri. Foto: Norske Skipsverft.
Nytt

Strid om hurtigbåtutvikling

Dei norske hurtigbåtverfta er ikkje med i konkurransen om å utvikle utsleppsfrie og meir energieffektive hurtigbåtar. Les kvifor.

22.02.2022

Fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark står bak prosjektet Framtidas hurtigbåt.

Fylkeskommunane har plukka ut seks konsortia som konkurrerer om å utvikle kvar sine alternativ, men ingen av dei tre verfta som har spesialisert seg på designe og byggje hurtigbåtar - Oma Båtbyggeri, Fjellstrand eller Brødrene Aa - er med i konkurransen.

Les melding frå Vestland fylkeskommune her

Vil ha bruksrett
Fylkeskommunane ville opphavleg ha eigedomsretten til skipsdesigna, men endra det seinare til å krevje bruksrett. For verfta går det langt på veg ut på eitt, ifølgje administrerande direktør Asle Strønen i sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. Konkurranseforma fylkeskommunen har vald gjer at verfta risikerte å måtte konkurrere med utanlandske verft om å få byggje hurtigbåtar dei sjølve har brukt tid og pengar på å utvikle.

- Vi snakkar om framtidas hurtigbåtar, som nasjonen traktar etter og som verfta gjerne vil bygge, seier Strønen.

Han seier verfta er redd fylkeskommunane har lagt ut på ein veg som endar med at bygging av hurtigbåtar endar hos utanlandske verft, slik storparten av ferjene blir bygd i utlandet.

- Det vi fryktar er ein repetisjon og eskalering av det som skjedde med elektriske ferjer, seier Strønen.

Tek ikkje risikoen
Strønen trur dei etablerte hurtigbåtverfta vil vere svært atterhaldne med å bygge hurtigbåtar dei ikkje sjølve har vore med og utvikla, utan at fylkeskommunane tek all risiko for at hurtigbåtane ikkje oppfyller krav til mellom anna vekt, fart og energiøkonomi.

Kvart konsortium har fått 1,5 millionar kroner i støtte for å vidareutvikle designet sitt. I april 2022 blir dei seks redusert til fire.

Ved årsskiftet 2022/2023 blir tre vald ut til å vere med vidare og lage fullstendige arbeidsteikningar og fortelje kva det vil koste og drive fartøyet. Dei tre som er med heilt til slutten av konkurransen vil ha fått i alt 16,5 millionar kroner kvar i støtte for utviklingsarbeidet.

Eker Design i Fredrikstad, ESNA i Kristiansand, LMG Marin i Bergen, SES-X i Oslo, Transportutvikling i Narvik og Umoe Mandal i Mandal står i spissen for kvart sitt konsortium.

I førre veke hadde Gunnar Jan Oma frå Oma Baatbyggeri AS og Asle Strønen frå Norske Skipsverft eit møte med stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) mellom anna om Framtidas hurtigbåtprosjektet.

Møte med Kjølmoen
Kjølmoen er Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet sin maritime talsmann og andre nestleiar i Næringskomiteen på Stortinget.

På møtet oppsummerte organisasjonen situasjonen slik for Kjølmoen:

"Fylkene sin valgte prosess har:
* Ekskludert de hurtigbåtverftene som er alene i Norge om å ha erfaring på både design og bygging
* Stoppet bygging og idriftsettelse av moderne båter i eksisterende rutepakker
* Som konsekvens at Fremtidens hurtigbåter kan bli bygget i utlandet"

- Når det gjeld det fylkeskommunale prosjektet Framtidas hurtigbåt, tek eg med meg innspela som er komne. Vi er, til sams med Norske Skipsverft, opptatt av å ta vare på kompetanse og konkurransekraft til norske verft som i dag er verdsleiande på bygging av hurtigbåtar, seier Kjølmoen i ei tekstmelding til NETT NO.

Publisert: 22.02.2022 06:00

Sist oppdatert: 22.02.2022 07:53