Kort fortalt

Over 140.000 elbilar i Noreg

40 prosent auke på eitt år.

22.03.2018
NPK-NTB: Ved årsskiftet var det registrert 142.490 elbilar her i landet, ein auke på over 40 prosent frå året før. På same tid veks dieselbilparken.
Totalt er det registrert 2.719.395 personbilar i Noreg. Dei elektriske bilane utgjer 5,1 prosent av personbilbestanden, mot 3,7 prosent ved utgangen av 2016, viser la fram torsdag.
Dei aller fleste elbilane er personbilar – heile 139.000.
– Auken ser ut til å halde fram i omtrent same takt også i 2018. I januar og februar i år er det registrert 4.324 elektriske personbilar, 4,2 prosent fleire enn i dei to første månadene av 2017, seier seniorrådgjevar Asbjørn Willy Wethal i SSB.
Per 31. desember 2017 var det registrert i alt 3,3 millionar bilar i Noreg, som er 1,9 prosent fleire enn i 2016. På same tid hadde 144.492 personbilar hybrid drift, og det svarar til 5,3 prosent av bilparken. Dieselbilane utgjer 47,6 prosent av personbilparken,
– Sjølv om salet av dieselbilar gradvis er redusert etter endring av eingongsavgifta frå og med 2012, aukar altså framleis bestanden. Dette henger blant anna saman med at dieselbilane i gjennomsnitt er betydeleg yngre enn personbilane og først vil bli skifta ut i større skala om nokre år, påpeiker Wethal.
Gjennomsnittsalderen på personbilparken er ganske stabil. Ved utgangen av 2017 var den 10,5 år, mot 10,6 året før.

Publisert: 22.03.2018 13:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39