NPK: Trass i smitteverntiltak store delar av året, gjennomførte Statens vegvesen fleire kontrollar av tunge køyretøy langs vegane i 2020 enn året før.
– Vi har levd med smitteverntiltak sidan midten av mars. Likevel greidde vi å auke talet på kontrollar i fjor. Det viser at vi har dyktige og engasjerte medarbeidarar og leiarar, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Kjetil Wigdel, i ei pressemelding.
I 2019 vart det gjennomført 77.734 tungbilkontrollar i Noreg. I 2020 vart talet 79.042.
– Auken i talet på kontrollar kan òg forklarast av at utekontrollaktiviteten vår frå 1. januar 2020 vart organisert i éi nasjonal avdeling. Det har auka effektiviteten vår og bidrege til meir lik praksis i heile landet, seier Wigdel.
Det vart avdekt feil eller manglar på 36.778 av dei kontrollerte køyretøya, det svarer til 46,5 prosent. Wigdel understrekar at dette ikkje betyr at det er feil og manglar ved nesten halvparten av alle vogntog på vegane i Noreg.
– Dei fleste tungbilane som køyrer på norske vegar har alt i orden. At det er feil og manglar på så mange av dei som blir plukka ut for kontroll, viser at vi plukkar ut dei riktige køyretøya. Rundt 500.000 tunge køyretøy er innom kontrollplassane våre gjennom året. Av desse vart 79.042 plukka ut til ein grundigare kontroll, medan dei fleste fekk køyre vidare etter ein kort sjekk. Vi er ikkje ute etter å forseinke dei som har alt i orden, men å stoppe dei som ikkje følgjer lover og reglar og som kan vere til fare for seg sjølv og andre trafikantar, seier Wigdel.
22.066 av dei som vart kontrollert fekk ikkje køyre vidare før dei hadde retta opp feil og manglar. Over 12.000 av desse hadde overlast eller manglande lastesikring.

Publisert: 11.01.2021 12:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23