Strynefjellstunnel nr 1 frå vest vente på ledebil pga tunnelarbeid foto Ogne
STRYNEFJELL: Riksveg 15 over Strynefjellet er ofte stengt og vanskeleg framkommeleg for tungtransporten. Foto: Ogne Øyehaug
Kort fortalt

Overkøyrde regjeringa om transportplanen

Ny veg over Strynefjellet blir framskunda.

05.06.2024

Eit fleirtal av SV, Høyre, Frp, Venstre, KrF og Raudt vart onsdag samde om fleire større samferdselsprosjekt i samband med ny nasjonal transportplan for 2025-2036.

Det gjeld mellom anna ny riksveg 15 over Strynefjellet, som skal framskundast til første periode av planen.

I utgangspunktet var ny Strynfjellsveg med arm til Geiranger, skyvd til siste del av planperioden.

– Dette er viktige prosjekt som no byggast langt raskare enn regjeringa la opp til, seier Frank Sve (Frp) til NTB.

Opposisjonspartia er også samde om å styrke satsinga på fylkesvegar, samanlikna med det Ap-Sp-regjeringa ønska.

Publisert: 05.06.2024 17:48

Sist oppdatert: 05.06.2024 17:48

Mer om