Kort fortalt

Pandemien: Mange trur dei eldre slit mest

Men sanninga er ei anna.

26.11.2020
NPK-NTB: Nordmenn flest trur eldre slit meir enn dei yngre under koronapandemien, men sanninga er ein heilt annan, viser ferske tal frå Norsk koronamonitor.
I undersøkinga som er gjennomført av Opinion, svarar nemleg berre 3 prosent av dei over 60 at det går dårlegare no enn før pandemien. Blant dei under 30 svarer derimot 15 prosent det same.
Tala viser dessutan at det er fleire unge som har hatt det dårleg den siste tida, 5 prosentpoeng fleire enn snittet gjennom pandemien. For dei eldre er dei nyaste tala identisk med snittet.
Oppfatninga blant folk flest er derimot ein annan. Undersøkinga, der 8.729 nordmenn har delteke, viser nemleg at 48 prosent trur eldre har det dårleg for tida. 21 prosent trur dei har det bra. På tilsvarande spørsmål om dei under 30 svarer 35 prosent at dei trur dei har det dårleg, medan like mange trur dei har det bra.
– Annankvar nordmann trur at dei eldre har det dårleg for tida, medan ein av tre trur det same om dei yngre. Likevel har nok dei yngre, meir enn dei eldre, fått liva sine snudd på hovudet under pandemien, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion i ei pressemelding.
(©NPK)

Publisert: 26.11.2020 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24