(NPK-NTB): 49 prosent av bedrifter i energibransjen varslar nedbemanning i første kvartal neste år, ifølgje ei undersøking. Optimisme er snudd til pessimisme i rekordfart.
49 prosent av bedriftene i energisektoren varslar nedbemanning i første kvartal neste år, medan 28 prosent seier dei skal tilsetje fleire, ifølgje undersøkinga frå ManpowerGroup. Det skriv Dagens Næringsliv.
Undersøkinga i den norske arbeidsmarknaden er gjennomført kvart kvartal i over 20 år. Eit representativt utval bedrifter blir spurde om dei forventar auka, redusert eller uendra bemanning det kommande kvartalet.
I fjor på same tid var det stor overvekt av optimistar også i energisektoren. Halvparten av energibedriftene melde at dei trong fleire folk, og berre 14 prosent trong færre. Sektoren inkluderer alt frå olje og gass til elektrisitetsproduksjon, fornybar og tilhøyrande infrastruktur.
– Dette er ein oppsiktsvekkjande brå nedgang, seier Maalfrid Brath, konsernsjef for bemanningskonsernet ManpowerGroup i Noreg.
Ei medverkande årsak til den kraftige nedgangen er at aktørar innan batteri og havvind har utfordringar med lønnsemd på grunn av høge prosjektkostnader, ifølgje Brath.
(©NPK)
Publisert: 09.12.2024 09:44
Sist oppdatert: 09.12.2024 09:44