Kort fortalt

Planar om innovasjonssenter i Volda

Mål om 100 nye arbeidsplassar.

19.05.2021

Martin Foldal fortalde tysdag om planane for Norsk Innovasjonssenter i eit nybygg ved Høgskulen i Volda, ifølgje Møre-Nytt.

Målet er 100 nye arbeidsplassar i kunnskapsintensiv tenesteproduksjon med utspring frå høgskulen, skape ein møteplass og bygge på miljøa ved høgskulen, sjukehuset i Volda, fylkeskommunen, verkemiddelapparatet og næringslivet.

– Kreative næringar treng tyngdekraft. Det er viktig å få samle mange bedrifter og aktørar på ein plass. Vi treng ein slik stad der næringslivet kan møte akademia, seier Foldal til avisa.

Volda kommune har skipa Volda Utvikling AS, eit selskap som skal jobbe for å realisere bygget der senteret skal vere.

Publisert: 19.05.2021 00:25

Sist oppdatert: 19.05.2021 00:30

Mer om