NPK: Neste år vil over 100 personar få jobb som makroplast-ryddarar langs norskekysten og på Svalbard. Det nasjonale ryddeprogrammet gir auka sysselsetjing i distrikta.
– Dei neste tre åra skal hundrevis av profesjonelle søppelryddarar reinske strender og vassdrag over heile Noreg for makroplast. Dette skjer i regi av Handelens Miljøfond, seier dagleg leiar i fondet, Rasmus Hansson, til Nationen.
I første omgang skal 40 prosent av den ytre kysten i Noreg og Svalbard ryddast minst ein gong for makroplast innan utgangen av 2023.
– Målet med det nye Rydd Norge-programmet vårt er på sikt å rydde heile norskekysten for plast. Dette skal vere ein dugnad mellom varehandelen, forbrukarar, næringsliv, kommunar og fylke, seier Hansson.
Tidenes største plastryddeprosjekt her i landet vert finansiert gjennom plastposeavgifta. Denne avgifta vart innført for to år sidan, etter påtrykk frå EU som krev redusert bruk av plastposar.
Jakta på mannskap til den store plastryddeaksjonen er allereie i gang. Nordland, Trøndelag og Vestland blir dei første fylka til å setje i gang med det nasjonale plastryddeprogrammet. Handelens Miljøfond leitar no etter aktørar som kan ta på seg ansvaret for å rydde prioriterte område langs kysten i desse tre fylka.

Publisert: 26.10.2020 17:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24