
Polar Seafrozen går inn i Jaangard
– Vi trur det blir stadig vanskelegare å stå utanfor dei større miljøa.
Selskapa Polar Seafrozen i Herøy og Molja i Ålesund slår seg saman, ifølgje Vestlandsnytt
Førstnemnte driv med kjøp og sal av fisk, medan Molja-selskapet har ein kommisjonsbasert meklarrolle i sal av kvitfisk.
Samanslåinga gir fordelar i form av tilgang på råstoff, betre kjøpekraft og større område for å rekruttere tilsette, ifølgje Bjørn Otterlei og Anders Per Vågsholm som er medeigarar i Polar Seafrozen.
– Vi trur det blir stadig vanskelegare å stå utanfor dei større miljøa i denne bransjen, seier dei til avisa.
Drifta og arbeidsplassen til dei tilsette vil vere som i dag, medan drifta blir organisert via eit felles eigarselskap. Jangaard-konsernet som er eigd av Haagensen-familien i Ålesund vil eige 51 prosent av det nye selskapet.
I fjor gjekk inntektene litt ned og lønsemda litt opp for Polar Seafrozen. Jangaard-konsernet gjekk i pluss på hotell og eigedom, og i minus på fiskeverksemda i 2023.
Publisert: 03.09.2024 10:06
Sist oppdatert: 03.09.2024 10:06