Kort fortalt

Pollestad: Inga utsetjing av pelsdyrforslag

Snart kjem saka opp for Stortinget. 

Marius Rosbach
30.01.2020
(NPK-NTB): Det blir ikkje utsett frist for å fullføre prosessen med å betre kompensasjonen til pelsdyrbønder som må leggje ned drifta, ifølgje leiaren i næringskomiteen.
Senterpartiet har fremja i Stortinget om «full erstatning» for pelsdyrbøndene. Fristen er 4. februar, og saka skal debatterast i salen 11. februar.
Likevel har det vorte ny rørsle i saka etter at Framstegspartiet sist veke forlét regjeringa. Partiet er nemleg samd med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i at kompensasjonen som regjeringa har tilbode pelsdyrbøndene, er for dårleg. Saman har dei tre partia fleirtal på Stortinget.
– Eg opplever at det er ei felles forståing av at kompensasjonsordninga må forbetrast kraftig. Det opplever eg at alle tre partia er samstemde om, seier leiaren i næringskomiteen Geir Pollestad (Sp) til NTB.
– Det må bli ei betydeleg forbetring av det som ligg der i dag. Det vil sjølvsagt bli ein kostbar affære, men når staten har vedtatt noko så spesielt som å forby ei næring, er det berre rett og rimeleg at det blir staten som tar rekninga, seier han.
Det var Venstre som i regjeringsforhandlingane, først på Jeløya i 2018 og såg på Granavolden i fjor, fekk gjennomslag for å avvikle pelsdyrnæringa innan 2025.
(©NPK)

Publisert: 30.01.2020 08:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30