Kort fortalt

Polsk smitteimport

Hundre kommunar har fått smitte.

27.10.2020
NPK-NTB: Dei siste to månadene er det påvist smitte på 344 fly i Noreg, og mange har komme frå Polen. Hundre norske kommunar har til no fått importsmitte frå landet.
Berre førre veke måtte Folkehelseinstituttet (FHI) setje i verk smittesporing knytt til 64 fly, og fleire av dei kom frå Polen, skriv
– Hovudsakleg ser vi smitte i samband med utanlandsreiser, der ein stor del har komme frå Polen, særleg dei to–tre siste vekene, heiter det i frå FHI.
Svært få vart smitta på dei ulike flya, men importsmitten har ført til utbrot i mange kommunar rundt om i landet. Førre veke vart det oppdaga smittetilfelle i 50 ulike kommunar, som alle kunne sporast tilbake til fly frå Polen. Totalt er det dermed registrert smitte frå Polen i 100 kommunar.
– Kvar dag landar fly med svært høg smitte. På Gardermoen landar sju fly frå Polen berre i dag, sa Oslo-byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) då han måndag kunngjorde nye innstrammingar i hovudstaden.

Publisert: 27.10.2020 09:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24