NPK-NTB: Ei ny undersøking frå Tekna viser at medlemmene deira kjem raskt i jobb etter gjennomført utdanning. 72 prosent har fått jobb før dei er ferdige med studiane.
– Etterspurnaden etter teknologisk og realfagleg kompetanse er igjen stor, og dette viser at dei som vel ei høg utdanning innan desse faga, vel lurt. Dei aller fleste er i jobb kort tid etter avslutta studiar, seier Tekna-president Lise Lyngsnes Randeberg i ei pressemelding.
Fagforeininga, som har 81.000 medlemmer med mastergrad innan teknologi, realfag eller naturvitskap, gjennomfører ei årleg undersøking blant medlemmene sine. Årets undersøking viser at 91 prosent av dei som avslutta utdanninga i fjor sommar, hadde fått jobb innan fem månader etter at dei var ferdige med å studere. Det er den høgaste delen som er i jobb sidan 2013.
1.150 av 2.346 medlemmer har svart på undersøkinga, noko som svarer til ein svarprosent på 49.
Delen som rapporterte at dei var arbeidsledige, var under 7 prosent.
Til samanlikning rapporterte over 16 prosent at dei var ledige i 2016, då krisa i oljesektoren hadde råka arbeidsmarknaden. Arbeidsløysetala nærmar seg no nivået frå før oljekrisa, då arbeidsløysa fem månader etter studieslutt låg på 5 prosent.
Undersøkinga viser òg at 72 prosent hadde fått jobb før dei var ferdige med studiane.
– Det er eit teikn på at det er hard konkurranse mellom verksemdene om dei beste kandidatane når rekrutteringa startar tidleg, seier Randeberg.

Publisert: 28.01.2020 08:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30