NPK-NTB: Posten bør levere mat og medisinar til husstandar i karantene og menneske i risikogruppa, meiner SV.
– Hugs at Postens bod er over heile landet, og kjem innom eller køyrer forbi alle husstandar nesten dagleg. Her ligg eit stort tenestepotensial, seier SVs Arne Nævra til Dagsavisen.
SV understrekar at postvesenet allereie tilbyr sosiale-, helse- og bod- og handletenester i tillegg til dei tradisjonelle posttenestene i land som Frankrike og Finland.
Det er ikkje første gong SV foreslår nye arbeidsoppgåver for Posten. Bakgrunnen er den nye postlova som har gitt færre bringedagar og nedskjeringar. Frå juli 2020 blir det berre postlevering annankvar dag.
– No har vi likevel ein heilt, ny og akutt situasjon, seier Nævra

Publisert: 18.03.2020 08:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29