NPK-NTB: Posten går inn for at postomberinga blir redusert frå fem til tre dagar i veka frå 2020. Frå 2022 bør det kuttast til berre to dagar i veka.
Det går fram av Postens høyringssvar i samband med Samferdselsdepartementets arbeid med endringar i postlova. I brevet går det fram at 95 prosent av det som i dag hamnar i folks postkasser, kan digitaliserast.
Ei omlegging vil innebere at 1.500 årsverk blir overflødige, og at om lag 2.600 tilsette vil få endra arbeidsoppgåver. På sikt ventar Posten at det blir postombering berre éin dag i veka.
– Dersom staten vil halde oppe postomdeling fem dagar i veka, vil utgiftene vekse for kvart år. I 2025 vil staten måtte betale éin milliard kroner for ulønsame, men leveringspliktige posttenester, skriv Posten.
– For Postens økonomiske bereevne er utviklinga dramatisk. Mange trekkjer fram at «Posten skal gå med post, ikkje med overskot». Det blir for enkelt. Posten skal levere dei tenestene du og eg faktisk treng, utan å belaste fellesskapet. Det betyr postomdeling annankvar dag og etter kvart éin dag i veka, seier konsernsjef Tone Wille.

Publisert: 05.04.2018 14:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39