Seaonics OSJ Bjornar Huse Terje Steffensen Stale Fure foto seaonics
LONDON: Bjørnar Huse (f.v.), Terje Steffensen, Ståle Fure tok i mot prisen på vegner av Seanics i London. Her saman med ein representant for OSJ-messa. Foto: Seaonics
Kort fortalt

Prisdryss på offshoremesse

Heider til Seaonics, Brunvoll og Kongsberg Maritime.

Marius Rosbach
05.02.2025

Vard-selskapet Seaonics, Brunvoll og Kongsberg Maritime vann prisar OSJ - Offshore Support Journal Conference and Exhibition – i London tysdag. 

Då gjekk det som blir rekna som ein av dei viktigaste møteplassane for offshorebransjen av stabelen. 

Seaonics vann onsdag prisen for «Offshore Renewables» for Ocean Charger, ei ladeløysing som gjer det mogleg å lade skip i vindparkar til sjøs. Ein rekke aktørar har vore med å utvikle nyvinninga som er testa på skipet Rem Power. 

Salssjef Bjørnar Huse i Seaonics uttaler i ei pressemelding at dei er «utruleg stolte» over prisen for Ocean Charger – som no er klar for kommersialisering, 

Også Brunvoll-konsernet i Molde fekk heider og blei tildelt «Dynamic Positioning»-prisen for sitt «BruCon»-system for dynamisk posisjonering. 

Prisen for «Offshore Energy Vessel of the Year» gjekk til IWS Seawalker som er designa av Kongsberg Maritime, ifølgje ei melding frå arrangøren. 

Publisert: 05.02.2025 09:56

Sist oppdatert: 05.02.2025 09:58

Mer om