Produksjonen i norsk industri flater ut
(NPK-NTB): Produksjonen i norsk industri har flata ut og var i tredje kvartal uendra frå kvartalet før. Frå august til september var auken på 0,6 prosent. Det viser sesongjusterte tal frå Statistisk sentralbyrå.
Sjølv om den samla produksjonen har flata ut, er det store forskjellar mellom næringane.
Næringsmiddel- og drikkevareindustrien bidrog mest til oppgangen i tredje kvartal, med ein vekst i produksjonen på 1,8 prosent. Det kjem særleg av auke i foredling og konservering av fisk, men også høg produksjon av drikkevarer.
I motsett ende trekte næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri ned. Det kjem mellom anna av mykje driftsstans i perioden, og dessutan lågare aktivitet innan maskinindustrien.
Liten oppgang frå august
Frå august til september var det ein auke på 0,6 prosent. Også her bidrog næringsgruppa gummi, plast og mineralsk industri i tillegg til trelast- og trevareindustrien. Begge hadde ein oppgang på 14 prosent. Veksten må sjåast i samanheng med svært låg produksjon av trevarer og plast i august.
Dataindustri og elektrisk utstyrsindustri hadde ein klar nedgang og dempa produksjonsveksten.
Oppgang i petroleumsnæringa
Også i petroleumsnæringa var det ein kraftig oppgang. Olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning hadde ein samla oppgang på 3,5 prosent i tredje kvartal frå kvartalet før. Høg utvinning av olje og gass bidrog særleg, med ein vekst på 8,1 og 14 prosent.
Utvinningstenester gjekk likevel ned 1,3 prosent, medan bergverksdrift hadde ein nedgang på 2,6 prosent.
Produksjonen i norsk kraftforsyning fall kraftig med nesten 11 prosent. Det har samanheng med den låge fyllingsgrada i vassmagasina.
(©NPK)
Publisert: 08.11.2021 11:13
Sist oppdatert: 08.11.2021 12:56