Kort fortalt

Raudvindsal skal gi kloster i Valldal

Nonner startar produksjon.

20.10.2020
(NPK): Gresk-ortodokse nonner har i lenger tid ønskt å byggje kloster og kyrkje på Syltefjellet i Valldal i Møre og Romsdal. No skal raudvinsproduksjon gjere klosteret til verkelegheit.
Klosteret på Syltefjellet har vore under planlegging sidan 1991, men blir stadig utsett, skriv
Abbedisse Thavoria er ei av nonnene i Valldal. Ho seier til NRK at dei er avhengige av fast inntekt for å byggje klosteret. Manglande finansiering er grunnen til at bygginga har teke tid, i tillegg er området eit naturområde.
No skal nonnene lage «naturvin», vin utan tilsetningsstoff, av raudvinsdruer frå Bulgaria for å finansiere klosteret.
Dei har med ein vinekspert frå Bulgaria for å hjelpe til i to månadar, då ingen frå klosteret har erfaring med vinproduksjon frå før.
(©NPK)

Publisert: 20.10.2020 13:03

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:01