NPK-NTB: Politisk rådgjevar Christian Haugen (Frp) i Olje- og energidepartementet meiner sluttpakkene i oljeselskapet Total verkar «heilt ute av proporsjonar».
Sluttpakkene kan bli på opp mot fem årslønner pluss halvannan million kroner i kompensasjon for bortfall av AFP-rettar, skriv Dagens Næringsliv. Med den særeigne petroleumsskatten på 78 prosent, er det indirekte staten som dekkjer brorparten av sluttpakkene når dei blir kostnadsførte i rekneskapen til bedrifta.
– Er dei oppgitte størrelsane på kompensasjonar i selskapet riktig, verkar dei for meg å vere heilt ute av proporsjonar, skriv politisk rådgjevar Christian Haugen (Frp) i ein e-post til . Han understrekar samtidig at denne typen avtaler ikkje er noko departementet har noko med å gjere.
Total ønsker ikkje å kommentere detaljane i sluttpakkene.
Klaus Mohn, professor petroleumsøkonomi, trur skattenivået kan ha noko med størrelsen på sluttpakkene å gjere.
– Insentiva til å spare ei krone er skarpare dersom du får behalde meir av gevinsten sjølv.
Mohn seier samtidig at det er grunn til å tru at tilsette i oljenæringa ikkje vil vere den same lønnsadelen som dei har vore. Dersom lønnsemda og aktiviteten ikkje fortset å vere like høg, vil det truleg påverke lønnsutviklinga, forklarar han.

Publisert: 15.03.2018 08:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39