(NPK-NTB): Halvparten av bøndene meiner at landbrukspolitikken til regjeringa har påverka økonomien deira negativt, viser ei undersøking Nationen har fått gjennomført.
Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag leverer måndag sitt krav til staten i jordbruksoppgjeret i år. På spørsmål om korleis politikken til regjeringa har påverka økonomien for deira gardsbruk, svarer nærmare halvparten negativt. Det viser ei undersøking Sentio Research har utført på oppdrag for .
Til saman 46 prosent svarer at landbrukspolitikken til regjeringa har påverka økonomien til deira gardsbruk negativt eller svært negativt. 42 prosent seier verken eller. I alt 7 prosent svarer positivt eller svært positivt, resten svarer veit ikkje.
Ifølgje avisa løyvde noverande innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) 400 millionar kroner i jordbruksoppgjeret for både 2014 og 2015 i dei to åra ho var landbruksminister.
Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum, som var siste raudgrøne representant som landbruksminister, løyvde 1.270 millionar kroner. (©NPK)

Publisert: 25.04.2016 11:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46