NPK: Kommunal- og moderniseringsdepartementet går inn for Vestland, Viken og Innlandet som namn på dei nye storfylka Hordaland og Sogn og Fjordane; Buskerud, Akershus og Østfold; og Oppland og Hedmark.
Dermed følgjer departementet namneønska dei tre sjølve har vedtatt.
Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane er veldig glad for at departementet går inn for Vestland som namn på det nye storfylket.
– Tilrådinga følgjer opp ønsket frå eit samla fylkesutval og fylkesting i Sogn og Fjordane, og eg trur det kan vere med og byggje ein identitet for vestlandsfylket, seier Følling.
Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland meiner Vestland gir godt grunnlag for å byggje ein felles identitet i det nye fylket.
– Dette er eit namn som har stor potensial, og som det er brei oppslutnad om, seier Hestetun.
I proposisjonen til Stortinget gjer departementet elles framlegg om fylkesnamna Vestfold og Telemark, Agder og Troms og Finnmark. Fylket lengst nord i landet får elles dei samiske namna Romsa ja Finnmárku og Tromsa jan Finmarkku, ifølgje forslaget. Regjeringa vil òg gi det nye Trøndelag fylke eit jamstilt samisk namn: Trööndelage.

Publisert: 07.04.2018 10:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39