NPK-NTB: Krav om ny utforming av teiner og rusar som er sett ut for fangst av leppefisk blir utsett til 1. januar neste år.
For å redusere fangst av stor berggylte og bifangst av andre artar enn leppefisk, vart det 1 januar innført eit krav om at inngangen på teiner og ruser som er sett ut for fangst av leppefisk, skal vere 60 millimeter i diameter eller mindre.
Men no blir kravet utsett til 1. januar neste år, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet i ei måndag.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) seier dei har fått mange innspel om at dei nye krava er for inngripande ut frå det forskingsgrunnlaget det er grunngitt i, og at det er årsaka til at regjeringa har vedteke å utsetje påbodet til 1. januar 2022.
– Ei utsetjing av påbodet gir oss meir tid til å hente inn kunnskap om behovet for å innføre ei slik inngangssperre. Dette er eit krav som openbert er særs omstridt, seier Ingebrigtsen.
Dermed vil kravet for inngangssperre vere dette same i år som i fjor.

Publisert: 26.01.2021 07:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23