NPK: – Vi følgjer anbefalinga til Statens vegvesen om å innføre moglegheita for å byggje smal firefelts veg. Det gir større fleksibilitet i utbygginga av vegar og kan auke den samfunnsøkonomiske lønsemda i fleire prosjekt, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
I dag er ein firefelts veg 23 meter brei med ei skulderbreidde (området frå vegfila til der asfalten sluttar) på over 2,75 meter.
I dag blir vegar med 6.000 til 12.000 køyretøy i døgnet bygd som to-trefeltsvegar. No vil det vere mogleg å bygge firefelts veg på desse strekningane. Firefeltsvegen skal då ha ei breidde på 19,0-21,5 meter og skulderbreidde på mellom 1,5 og 2 meter. Det vil vere mogleg med ei fartsgrense på 110 km/t.
Fleire prosjekt som er under planlegging kan vere aktuelle for den nye vegstandarden, som til dømes E39 Ålesund – Molde, E134 Saggrenda – Gvammen, E39 Mandal – Ålgård, E18 Dørdal – Tvedestrand, E6 Roterud – Øyer, E6 Ulsberg – Melhus, E6 Kvithammar – Åsen og rv. 4 Oslo – Mjøsbrua.

Publisert: 07.12.2020 10:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24