(NPK-NTB) Fleire reiselivsaktørar kritiserer SSB for å ikkje ha god nok statistikk over hotellovernattingar. Scandic-direktøren seier SSB er blitt akterutsegla.
Reiselivsnestoren Per-Erik Winther har saman med professor Kåre Sandvik ved Høgskolen i Søraust-Noreg publisert eit arbeidsnotat knytt til det store reiselivsforskingsprosjektet Reisepol, skriv . Dei konkluderer med at det er behov for «ein statistikk av vesentleg betre kvalitet som brukarane kan nytte til riktige og raske situasjonsvurderingar for gode vegval».
Per-Arne Tuftin, administrerande direktør i Forum for reiseliv seier satsinga må rettast mot ulike kundegrupper fordelt på sesong.
– Statistikken i dag viser berre talet på gjestedøgn, og seier ikkje noko om kva slags turistar dette er eller lønsemda, seier Tuftin.
Direktøren for Scandic-hotella i Noreg, Svein Arild Steen-Mevold, seier at så grovt SSB segmenterer har det ingen verdi for dei.
–Det er ikkje lenger slik at dei som betaler mest nødvendigvis er på jobbreise eller på kurs eller konferanse. Dei kan like gjerne vere turistar. Dermed er SSB blitt akterutsegla, seier han.
Dagfinn Sve, seksjonssjef for transport-, reiselivs- og IKT-statistikk i SSB seier at det er ingen krav om at føremålet med overnattingane skal fordelast på norske og utanlandske overnattingar.
–Likevel vil SSB kontinuerleg vurdere å dele føremålsstatistikken på norske og utanlandske overnattingar med dei kvalitetsmessige utfordringane det måtte ha, seier han.
(©NPK)

Publisert: 31.01.2017 11:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42