NPK-NTB: Noreg eksporterte 25,8 TWh kraft i 2021, medan det vart importert 8,2 TWh. Det gav eit eksportoverskot på om lag 17,6 TWh, viser nye tal frå SSB.
Samanlikna med 2020, som var førre toppnotering, gjekk eksporten opp 3,4 prosent.
– Det vart sett ny toppnotering for eksporten i 2021. Nivået er 30 prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra, seier seniorrådgivar Magne Holstad i Statistisk sentralbyrå (SSB).
– Det høge nivået på eksporten heng saman med at det i fjor var høg kraftproduksjon, relativt høge prisar i Europa, og at fleire utanlandskablar vart sette i drift, seier han.
I slutten av mars i fjor vart utanlandskabelen mellom Noreg og Tyskland (Nordlink) sett i ordinær drift. Det nye kabelsambandet mellom Noreg og England (North Sea Link) starta med testoverføringar i juni 2021 og vart sett i prøvedrift frå 1. oktober.
Noreg eksporterte mest kraft til Danmark (8,1 TWh) i 2021, etterfølgd av Sverige og Tyskland med høvesvis 7,8 og 4,4 TWh.
Vi importerte mest frå Sverige med 5 TWh. På plass to og tre kom Danmark og Tyskland med høvesvis 1,7 og 1,1 TWh.
Vasskraft utgjorde 91,5 prosent av den totale kraftproduksjonen på 157,1 TWh i 2021, medan varme- og vindkraft utgjorde høvesvis 1 og 7,5 prosent.
Publisert: 29.06.2022 13:30
Sist oppdatert: 29.06.2022 13:31





