Kort fortalt

Rekordmange granskingar på sokkelen

Direktør i Petroleumstilsynet er bekymra. 

14.10.2020
(NPK-NTB): Petroleumstilsynet har så langt i år starta granskingar av elleve alvorlege hendingar, noko som er historisk mange.
– Det bekymrar, seier Anne Myhrvold, som er direktør i Petroleumstilsynet, til .
Petroleumstilsynet hadde i tillegg ved utgangen av september fått varsel om over 50 alvorlege hendingar, noko som er dobbelt så mange som same periode i 2019. Samanlikna med 2018 er tala firedobla.
Vanlegvis ventar tilsynet til april med å gå ut med utviklingstrekk, samtidig med den offisielle kartlegginga.
– Det er ikkje vanleg å gå ut slik vi gjer no. Summen av det vi ser akkurat no, gir grunnlag for å seie frå, seier Myhrvold. Ho seier det er for tidleg å seie noko om bakgrunnen for auken.
Selskapa er plikta til å melde frå om ulykker eller forhold som kan forårsake ulykker. Brannar, personskadar og lekkasjar er blant hendingane som blir granska i 2020.
(©NPK)

Publisert: 14.10.2020 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24